MS Sunnhordland – fortid og nåtid
MS Sunnhordland blei opprinneleg bygd som ubåtjagar og eskorteskip for US Navy i Chicago i 1943. Skipet vart stasjonert ved Gibraltar og seilte under engelsk flagg for Royal Navy fram til slutten av den 2.verdskrigen i 1945 – da ho blei levert tilbake til USA.
Dei første åra etter krigen starta Noreg å byggja opp eit moderne, effektivt samfunn med aukande velstand og økonomisk oppsving. På Vestlandet var det eit skrikande behov for transport av varar og folk. Her blei ikkje mindre enn 6 tidlegare ubåtjagarar kjøpt av forskjellege rederi og ombygd til rutefart. Eit av desse var HMS Kilcheran som blei ombygd og fekk namnet MS Sunnhordland.
MS Sunnhordland var altså ein del dei største, raskaste og finaste lokalruteskipa som gjekk i faste ruter langs heile kysten frå Nordvestlandet og sørover heilt til Danmark. Her var det ikkje forskjell på Kong Salomon og Jørgen Hattermaker – det var kvite dukar og fine lugarar for alle passasjerane, medan bilar og anna gods også vart frakta trygt langs heile leia.
I 1974 var det norske etterkrigs-eventyret over for MS Sunnhordland, og skipet blei solgt til Finland. Her tok dei godt vare på den vakre skuta og sette ho inn i cruisefart med namnet MS Brahe mellom dei finske innsjøane og Russland.
I 2015 fekk nokre skipsentusiastar på Stord nyss om at skipet skulle seljast, og takka gode krefter gjekk kjøpet i orden. Fartøyet seilte til Tallin, blei måla svart og kvit, fekk på plass HSD-rosetten og fekk tilbake namnet MS Sunnhordland. Nå ligg ho ved kai i Leirvik og er klar for nye oppdrag på Vestlandet. Her kan du feira små og store hendingar saman med familie og gode venar i eit vakkert og triveleg maritimt miljø!
Båten har stor, elegant salong med bordplass til om lag 150 gjestar forut. Det er også to mindre salongar på kvar si side med plass til 15-20 gjestar i kvar. Akterut er det dansegolv og bar, og midtskips finn me både dobbel- og enkel-lugarar.
Nyheiter

Søndagsmiddag
30.11.2017SØNDAGSMIDDAG MED DESSERT Buffet med tradisjonell norsk mat 3., 10. og 17. desember, kl. 13.00–17.00 Kr. 280,- Born u/ 13…

1. års jubileum for heimkomsten til Veteranskipet M/S Sunnhordland
02.11.2017Velkommen på Kaien, Leirvik, på Laurdag 1. års jubileum for heimkomsten til Veteranskipet M/S Sunnhordland