Lesartur: Blømingstur med Bømlo Nytt

  • Foto: Visit Hardangerfjord

Fredag 20. mai til Søndag 22. mai

Me går ifrå Leirvik Kai fredag kl. 10.00, og kjem til Kinsarvik fredag 18.00

Laurdag kl. 10.00 vert det, for dei som ønskjer, guida tur på DRONNINGSTIEN over fjellet til Lofthus. Påmelding i forkant via TicketCo. Kr 200,-/person – transport og guide inkludert.

Dei som ikkje ønskjer fjelltur, kan førehandsbooka lunsj på Vakre Utne Hotell. Dette bookar ein også via TicketCo

2. retters lunsj pr. person kr 395

Cidersmaking pr. person kr 399

Etter fjellfolket kjem tilbake frå vakker tur, seglar me frå Utne til Lofthus og plukkar dei opp. Før skipet legg seg til kai i Ullensvang for natta.

Søndag morgon under frukosten kl. 08:00 reiser me inn til unike FYKSESUND og BOTNEN, før me setter kursen heim til vakre Stord, ankomst ca. 16:00.

Praktisk informasjon om turen: 

Prisane som ligg er pr. person.

Det er ulik pris for abonnent/ordinær, samt ulik pris for ulike typar lugarar. Korrekt lugar nummer får ein utdelt når ein sjekkar inn om bord. 

Måltid som er inkludert i prisen er: fredag lunsj og middag, lørdag frukost, nistepakke og middag, Søndag frukost og lunsj.

Pakk smart og lite, husk at du skal om bord i eit Veteranskip.

Kleskode: Fritidsantrekk, ikkje høghæla sko og galla antrekk.

Det er kun lov å nyta medbrakt mat/drikke inne på leigt lugar, og ikkje i skipets offentlige rom.

Skipet har alle rettigheter, og baren vil vera open under turen.

VELKOMMEN OM BORD!

INFORMASJON GJELDANDE BESTILLING AV BILLETT: klikk deg inn via den grønne knappen på denne sida. Den viser deg vidare til TicketCo, der skriv du inn promokoden i boksen det står «har du promokode legg den inn her», så trykker du «bruk koden», da vil du få opp abonnentsprisen. Da kan du enkelt bestille antall billetter du ønskjer, for så å betale.

Abonnentar, legg inn følgjande promokode: avis2022