Historie

pce-872cSkipet si «personlege historie»

MS «Sunnhordland » vart bygd i USA, som PCE 830 (Patrol Craft Escort Chaser 830) ved Pullman Standard Car Mfg., Chicago, Illinois for US Navy i 1943, og vart utstyrt for å kunna jakta på ubåtar under 2.verdskrigen. Skipet blei utlånt til Storbritannia og heimehamn vart Gibraltar. Båten var eskortefarty og ubåtjagar langs vestkysten av Afrika fram til slutten av krigen.

 

I 1947 blei skipet seld til Hardanger Sunnhordlandske D/S, Noreg, og blei i 1948 ombygd ved Bergen Mekaniske verksteder til bil- og passasjerferge med plass til 13 bilar, 600 passasjerar og anna gods. 22.juni 1949 blei skipet sett inn i fast rute i Sunnhordland: kl 1430 frå Bergen via Leirvik – Tittelsnes – Bjoa – Ølen – Etne til Skånevik, med retur same vegen til Bergen neste morgon. I Bergen blei det lossa og lasta før avgang igjen kl 1430. Her gjekk båten trufast i rute i 24 år og var hovudvegen mellom byen og omlandet for både næringsliv og private.

Våren 1974 blei skipet seld til Oy Fager Lines, Riistina, Finland, ombygd til cruiseskip ved Wärtsila i Kotka og omdøypt til MS «Kristina Brahe». Ho gjekk i cruisefart i Finskebukta mellom Helsingfors, Leningrad og Tallinn. I 1984 vart båten seld til Rannikkolinjat Ltd. og ombygd i 1987 med fleire lugarar, totalt 44. August 2010 gjekk båten på grunn utanfor Sulkava, men blei ikkje skada. Deretter blei skipet seld til Saimaan Matkaverkko Ltd, Villmanstrand, og namnet blei endra til MS «Brahe». I sommarsesongane 2011, 2012 og 2013 gjekk skipet i cruisefart på Finskebukta, men låg i opplag vinterstid. Sommaren 2014 vart båten chartra av Nordisk Cuise Line, Faaborg i Danmark for å segla mellom dei danske øyene, men det vart ingen suksess. Vinteren 2015-16 låg fartyet i opplag i Finland.

Skipet i lys av norsk sjøfartshistoria

MS «Sunnhordland» var eit av seks PCE-skip som blei ombygde for norske reidarar til passasjerbåtar etter 2.verdskrigen. Det var stort behov for desse før vegar og tunnellar tok over mesteparten av infrastrukturen langs kysten. Dei fem andre var MS «Haugesund» (1943-97) og MS «Stavanger» (1943-83) som trafikkerte ruta mellom Stavanger og Bergen, MS «Jylland» (1943-88) som segla mellom Kristiansand og Danmark, MS «Sunnfjord» (1943-83) og MS «Sognefjord» (1943-) som gjekk i rute mellom Årdalstangen i Sogn og Bergen. Av desse er det altså berre «Sunnhordland « og «Sognefjord» som fortsatt er i drift. «Sognefjord» blir i dag brukt som dykkefarty for sportsdykkarar i Malaysia.

Som nemd over, gjekk «Sunnhordland»  i fast rute i Sunnhordland i 24 år – mellom fastlandet lengst sør, innom hovudøyane og nord til Bergen. Båten var det viktigaste og raskaste framkomstmiddelet i åra etter krigen da landet var i ei rivande oppbyggings- og utviklingsfase. Her køyrde bilar ombord, passajerar sov seg fram i komfortable lugarsengar, medan nyslakta griseskrottar hang frå krokar oppunder dekk for å bli frakta til verksemdene i byen. Alle som har vekse opp i Sunnhordland i etterkrigsåra, har sterke og gode minne om «reisa til byen» med MS «Sunnhordland».

Følg oss på Facebook, og tagg oss gjerne med #mssunnhordland i sosiale medier