Turar og utleige

M/S Sunnhordland kan bestillast til kortare eller lengre turar, og mange ulike arrangement. Med stort selskapslokale, matservering og alle rettigheiter og moglegheit til å både overnatta og reisa så er båten fleksibel til det meste av bryllaup, jubileum, firmafestar, mindre samlingar og mykje meir.

Vår kokk ombord kan laga eit stort utval spennade matrettar, eller frå vår faste meny på Tapas, supper, rekebord eller ulike buffeter.

Du kan velja mellom arrangement med båten ved kai, eller segling i den vakre skjergarden vår.

Båten har stor, elegant salong med bordplass til om lag 120 gjestar forut.

Det er også to mindre salongar på kvar si side med plass til 12 gjestar i kvar.

Akterut er det bar og dansegulv.

Ta gjerne kontakt med oss for spesifikke førespurnadar.

Kontakt

M/S Sunnhordland
Nattrutekaien 35, 5411 Stord
Tlf: 95 99 19 68
E-post: post@mssunnhordland.no