Frivillig arbeid
Veteranskipet M/S Sunnhordland ynskjer hjelp til diverse dugnadsarbeid
Torsdagar frå kl. 10:00-14:00
Ta gjerne turen og hjelp oss med førefallande vedlikehald som
maling, elektro, snikkararbeid, vasking etc.
Møt opp og bli med.
Paul Matre er ansvarleg for dugnaden ombord og delegerer ut oppgåver. Har du spørsmål som gjeld dugnad, så ta ein tlf. til Paul på mobil nr. 40 84 04 48.
Velkommen til dugnad!
Ta med godt humør, og gjerne ei skrøne og to til kaffidrøsa.