Turar og utleige
M/S Sunnhordland kan bestillast til kortare eller lengre turar, og mange ulike arrangement. Med stort selskapslokale, matservering og alle rettigheiter og evne til å både overnatta og reisa så er båten fleksibel til det mesta av bryllaup, jubileum, firmafestar, mindre samlingar og mykje meir.
Vår kokk ombord kan laga eit stort utval spennade matrettar, eller frå vår faste meny på Tapas, supper, rekebord eller ulike buffeter.
Du kan velja mellom arrangement med båten ved kai, eller segling i den vakre skjergarden vår.
Båten har stor, elegant salong med bordplass til om lag 130 gjestar forut.
Det er også to mindre salongar på kvar si side med plass til 15-20 gjestar i kvar.
Akterut er det dansegolv og bar, og midtskips finn me både dobbel- og enkel-lugarar.
Du kan sjå ein del bileter her, eller lesa meir om båten og histora i nettbrosjyra vår.
Ta kontakt med oss for spesifikke førespurnadar.
KONTAKT
M/S Sunnhordland
Nattrutekaien 35, 5411 Stord
Tlf: 48 11 18 00
E-post: post@mssunnhordland.no
Våre koselege lugarar kan også leigast. Me har 35 ulike lugarar, med dobbeltsenger, enkeltsenger, fleire senger og med og uten privat bad.